Familie-konsert i muslimske Dubai

DUBAI: Bjarte, Maria, Martin (17), Bendik (15) og Astrid (11) Leithaug har vore i Dubai.
Familien sit att med mektige inntrykk. På invitasjon frå sjømannskyrkja reiste familien frå hauststormane heime til det varme og ambisiøse ørkenlandet

Dagrun Stokke

dagrun@nordhordland.no

Ein skog av skyskraparar er i ferd med å veksa opp rundt tårnet Burj Dubai, som med sine 850 meter opp mot himmelen er det høgste i verda. Og der skryskraparane ikkje står, svingar heisekranane seg i takt. – 25 prosent av kranane i verda er i Dubai på jobb akkurat no, opplyser Bjarte Leithaug, som saman med familien nyleg underheldt på Norwegian Seamens Center sitt 30 års jubileum. Her, i sjeik Mohammed bin Rashid Al Maktoum sitt rike, mannen som ønskjer å kjøpa fotballaget Liverpool, skal alt vera større og betre enn det andre har. Ein gigantomani, seier mange.

Størst i verda

Ein moropark som no er under bygging, skal bli dobbel så stor som Walt Disney-parken i Florida, som er den hotellet Burj Al Arab) største i dag. Her i byen ligg òg det einaste sjustjerners hotellet i verda. Burj Al Arab er forma som seglet på ein båt. Inni kledd med gull frå golv til tak.

Største kjøpesenter og største flyplass i verda, er også under bygging. Visjonen er at Dubai skal bli største shopping-metropolen i verda. For når olja, som har forvandla landet frå eit fattig til steinrikt land, ein gong tek slutt, skal  turismen vera den næringa som skal skaffa landet inntekter.

 

 

Alpinanlegg

I eit av dagens kjøpesenter, kan du stå slalåm i verdas største innandørs alpinanlegg. Her er det skiheis, akebakke og kulekjøringsbakke. Kunstige øyar ,veks opp heile tida opp av havet forma som land og kontinent frå heile verda. I øyriket “The World”, som er samansett av 300 øyar, skal du finna eit heilt verdskart sett ovanfrå. Har du pengar nok, er det berre til å kjøpa. Det same gjeld gull og diamantar, populære salsvarer i butikkane. Gullprisen er berre halvparten av det du må betala i Norge, og gullet har høgare karat. Skal du koma deg fram, må du bruka bil eller taxi, for det er liten eller ingen kollektive trafikk. Skal du bringa barn til og frå skulen i bil og attpåtil gå og handla, er dette i seg sjølv ein heildagsjobb. Trafikken er så tett er at du må rekna med å bruka mange bruka timar i kø.- Trafikken kan nok verka skræmande, seier Bjarte Leithaug, som i tillegg til konsert besøket på sjømannskyrkja og den norske skulen i Dubai, tok seg tid til å vera turist.
 

Marmor og gull

Han fortel om kjøpesenter bygd i marmor. Rikt dekoreret med gull og mosaikk. - Dette kunne vore dei finaste katedralar, seier han. Dubai har også fine sandstrender og eit yrande badeliv til alle døgnets tider. Også om natta. – Du kan gå frå sakene dine på stranda utan å vera redd for at tinga vert stolne. Straffa for tjuveri og annan kriminalitet er så høg at ingen finn det bryet verdt å prøva seg, seier Bjarte. Sjølv om Dubai står fram som ein hypermoderne metropol, kan tankane lett gå tilbake til eventyret om “1001 natt” når blikket fangar skotypen Alladin brukte under ein tur på marknaden. Eller kanskje du føler mystikken av Anitra i Peer Gynt når du ser magedansarinnene i full aksjon?

Ørkenopplevingar

– Er du i Dubai må du unna deg ein ørkentur, seier Bjarte. Sjølve bilturen over sandynene kan vera heftig i seg sjølv, for i ei kolonne på åtte bilar med god fart, er det nesten som ute på havet i båt, kan Bjarte fortelja.

Ørkenen er eit vakkert syn, og når du er framme i beduinleiren etter halvannan times kjøring, får du oppleva magedans, ri på kamel og eta middag, før tilbaketuren. – Turen er verdt dei 400 kronene som omfattar alt, meiner Bjarte. – Treng du hjelp i Dubai, er det viktig å vita at den norske ambassaden ligg ikkje ligg her, med i Abu Bada, Dei Sameinte Arabiske Emirata sin hovudstad. Sjømannskyrkja hjelper dei norske som treng assistanse, seier Bjarte. No er det Brikt Sigve Skeie og kona Anne som er vertskap her - nyleg komen hit frå prestekallet i Hosanger-sokna på Osterøy.